Ulocking Abilities sammen med Norges største studentdrevne humanitæraksjon, MedHum
Foreldre-gruppene i Uganda
Skrevet av
Leah Sophie W. Wergeland
Del artikkelen på sosiale medier eller epost:
Det primære arbeidet til Adina Foundation Uganda (AFU), er å gi barn med ulike funksjonsnedsettingar den behandlinga dei treng. Det kan vere operasjonar, fysioterapi, sårstell og liknande. Borna får hjelp med det psykologiske og sosiale, utdanning, men AFU gjer og mykje meir for å jobbe mot eit betre samfunn, dei lagar blant anna foreldregrupper. Foreldregrupper består av føresette av born som får medisinsk behandling. For å ta det i ei kronologisk rekkefølgje, så vil AFU byrje med å mobilisere kommunale arbeidarar i regionen dei vil byrje på. Då vil foreldre få informasjon om at dei kan ta med born med sjukdommar og funksjonsnedsettingar for å få ein vurdering av helsepersonell på om dei kan få hjelp av Adina, eller om dei må dra til lege eller sjukehus eller andre ting. Det pleier å vere omkring 30 born frå kvart område som blir registrerte som born Adina kan hjelpe, og foreldrepara til dei 30 borna vil bli plasserte i grupper, me kallar Parent Support Group (PSG).